Sofie går i niande klasse. Ho har ingen venner etter at bestevenninna Emilie svikta. No gleder ho seg berre til ho kan flytte og begynne på vidaregåande. Så byrjar Carla i Sofie sin klasse, og endeleg får Sofie ein venn. Men Carla har ei hemmelegheit, og no må Sofie greie å vera ein ordentleg god venn. Roman for ungdomstrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.
. - Alder: Ungdom fra 13 år
Sofie går i niande klasse. Ho blir fryst ut av alle og har ikkje ein einaste venn etter at ho blei svikta av Emilie sommaren før åttande. No tel Sofie ned dei 340 skuledagane før ho kan flytta frå øya og begynne på vidaregåande.
Så kjem det ei ny jente i klassen, Carla. Ho er så sjølvsikker at ho ikkje ser ut til å ha eit einaste problem i heile verda. Kan Sofie få ein ny venn i Carla?
Men så viser det seg at Carla ber på ei hemmelegheit. Ei hemmelegheit som kan setja heile vennskapet i fare.