Nokon oppfinningar har forandra verda rundt seg på mange forskjellige måtar. Denne boka fortel historiane om oppfinningane som har endra verda, om korleis dei blei til, korleis nye idear veks fram, og korleis desse oppfinningane påverkar livet vårt. Blann dei oppfinningane som har endra verda er p-pilla, atombomba, like-knappen, lyspæra, kjøleskapskrukka, antibiotikaen, oppvaskmaskina, autotune, protesar og det skotsikre stoffet kevlar. Illustrert faktabok for mellomtrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.
. - Alder: 9-13 år
Kva har atombomba, p-pilla og like-knappen til felles? Jo, dei forandra verda rundt seg. Det same gjorde oppfinningar som lyspæra, kjøleskapskrukka, antibiotikaen, oppvaskmaskina, autotune, protesar og det skotsikre stoffet kevlar. Gjennom desse forteljingane får ein dessutan eit innblikk i korleis oppfinningane blei til, korleis nye idear veks fram, og korleis oppfinningane påverkar livet vårt.
«Ti utrulege oppfinningar» er ei underhaldande og lærerik faktabok, gjennomillustrert av prislønte Rune Markhus.