Tirill har vore forelska i Sigve i fleire år. Endeleg bryt han med kjærasten. I Tirill vaknar eit fornya håp om at det no skal bli dei to. Ingen av dei to kan føresjå kva som kjem til skje. Sorga Tirill får kasta på seg lét seg ikkje stanse, men veks i staden sterkare. Saknet etter han ho aldri fekk gjer Tirill reint besett, og alt handlar om å finne ut korleis ho kan gje slepp. På leit etter hjartet ditt er ein ungdomsroman om sorg, men og om val ein tek som ung. Kven ein er og kven ein kan kome til å bli. Forteljing for ungdomstrinnet.
. - Alder: Ungdom 13-16 år/Unge voksne