Storebroren til Elias, Mats, har permisjon frå sjukehuset. Elias gler seg til han kommer heim, men ting blir ikkje heilt slik han har tenkt seg. Mats er tynn og slapp og orkar ikkje gjere det Elias har planlagt at dei skal gjere saman. Då Mats må reise tilbake til sjukehuset, får Elias ei vond kjensle i magen. Han er redd storebroren ikkje blir frisk igjen. Så oppdagar Elias ein rar pipelyd frå dei gamle radioane på rommet sitt. Han undrar på om det kan ha ein samanheng med det underlege raude lyset frå vindauget til nabo Edvardsen. Vennene Mina, Mu og Oliva er saman med han om å finne ut av mysteriet. Dette er ei forteljing som krinsar rundt dei store spørsmåla om livet, dauden, og kva som finst der ute i universet, og om det å vere ein litt utypisk superhelt, samt om kor små vi er i den store samanhengen. Forteljing for mellom-/ungdomstrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.
. - Alder: 9-16 år
Undrande og spennande om kor små vi er i den store samanhengen.
Elias gler seg til at storebroren Mats skal kome heim på permisjon frå sjukehuset. Men det blir ikkje heilt som Elias har tenkt seg. Mats er tynn og slapp og orkar ikkje å gjere noko av det Elias har planlagt. Snart må han reise tilbake til sjukehuset, og Elias får ei vond kjensle i magen. Kva om storebroren ikkje blir frisk igjen?
Samstundes oppdagar Elias ein rar pipelyd frå dei gamle radioane på rommet sitt. Kan det ha ein samanheng med det underleg raude lyset frå vindauget til nabo Edvardsen? Saman med vennene Mina, Mu og Olivia prøver han å finne ut av mysteriet. Ein bror i verdsrommet krinsar rundt store spørsmål om livet, dauden, og kva som finst der ute i universet - og om det å vere ein litt utypisk superhelt.