Dette er en bok om de ulike husdyra vi har i Norge, om hvordan de levde før og hvordan de har det i dag. Boka gir også en innføring i dyrevelvære og hvilket ansvar man har for at dyra har det godt. Dyreetikk betyr å tenke over hva som er rett og hva som er feil oppførsel mot dyr. Her kan man blant annet lese at ei ku kan drikke over 150 liter vann om dagen, og at det er flere kyllinger enn mennesker i verden. Er illustrert med mange fargefotografier. Faktabok for småskole-/mellomtrinnet.
Forlaget skriv om denne boka: Her kjem ei bok om dyr men det er ikkje ei kva som helst dyrebok! Du kan lesa om korleis du kan best ta deg av dei ulike dyra. Boka gir ei fin innføring i dyrevelverd og kva ansvar ein har for at dyra har det godt.
Dyreetikk tyder å tenkja over kva som er rett og kva som er feil framferd mot dyr. Rådet si oppgåve er å vurdera om vi handsamar dyra godt nok. Dei som sit i Rådet for dyreetikk, er folk som eig dyr, forskarar, dyrevernarar og andre som kan mykje om dyr, og som er opptekne av at dyr har det bra.I første del av boka kan du lesa om husdyra si historie og om korleis dyr bør handsamast. I siste del kan du lesa om dei vanlegaste husdyra vi har i Noreg. Her står det også litt om ville dyr. Rådet for dyreetikk ynskjer med denne boka å gi eit realistisk bilete av korleis dyra i Noreg har det. Vi håpar at meir kjennskap til dagen sitt dyrehald vil gi auka interesse og respekt for dyr slik at dyra får det best mogeleg.